Staurset fyller 110 år

Det starta i 1912 då Herlof Staurset var ferdig utdanna skreddar. Bedrifta starta opp på Eidså der Herlof gifta seg. To år seinare vart det tilgong på elektrisk straum i Ørsta, og han valgte å flytte verksemda hit. Her dreiv han skreddarverksemd og utsalg, då med fokus på herreekvipering. Han var også litt borti damekonfeksjon.

Produksjonen vart lagt ned i 1981.

På 70-talet utvida Staurset varesortimentet til også å omfatte fjellsportkle og sko. På 90-talet tok dei også inn utstyr som stegjern, isøks og anna klatreutstyr. Dette er både av eigeninteresse, men også fordi dette var eit tilbod som ikkje vart dekt av andre butikkar i området. Vidare vart det også satsa på damekle rundt tusenårsskiftet.

Staurset sin visjon er å selje kvalitetsklede til ein fornuftig pris. På Søre Sunnmøre er Staurset blandt dei butikkane med det største utvalet på herreekvipering.

No, godt over 100 år seinare er det altså barnebarna til Herlof, Odd og Hallbjørn Staurset som driftar verksemda.

Vi gratulerer med jubileumet!

Forrige
Forrige

Frukostseminar med temaet ”frå tomt til ferdig bygg-kva kan skje”.

Neste
Neste

Leikebutikken “Yes vi leker” har skifta konsept, namn og adresse