Ny rørleggarverksemd i Ørsta

Geir Emil Solvang og Svein Ivar Holen er dei to karane som står bak Rørservice Ørsta. Solvang er rørleggarmeister og Holen utdanna rørleggar. Bak seg har dei mange år i bransjen med oppdrag både i industribygg og privatbustadar.

Dei to grunderane har snakka laust om det tidlegare, men det var no eller aldri om dei skulle satse på eiga verksemd. Rørservice Ørsta, som er registrert meisterbedrift, går inn i ein marknad med mange konkurrentar og stor etterspurnad etter arbeidskraft. I Volda og Ørsta er det i alle fall sju bedrifter til saman. Det er stor etterspurnad etter rørleggartenester i Ørsta og Volda, men dei tek også på seg oppdrag i Ytre Søre Sunnmøre og sørover til Hornindal og Stryn. Sjølv om rørleggarfirmaet formelt sett starta den 1. august, måtte dei tjuvstarte på arbeidsoppgåvene i ferien for å ta unna. Dei har allereie hatt fleire jobbar i ytre Søre Sunnmøre, men kjerneområdet er her lokalt.

I etableringsfasen handlar det mykje å gjere den nye verksemda synleg og kjend. Det arbeider Holen og Solvang med kvar dag. Bedrifta har eiga heimeside og facebookside, og profileringa skjer hovudsakleg på facebook og med google ads.

Rørservice Ørsta er ein del av kjeda Rørlegger på hjul. Rørleggarbedrifta har ikkje butikk men har god tilgong til utstyr. Dei to karane tek på seg det aller meste av rørleggararbeid, unnateke varmepumper ol.

Ørsta Næringskontor ønskjer Rørservice velkomen som medlem i Ørsta Næringskontor, og lykke til med ny bedrift!

Les meir 

F. v. Svein Ivar Holen og Geir Emil Solvang kan hjelpe deg med det meste innan rørleggartenester.

Forrige
Forrige

Leikebutikken “Yes vi leker” har skifta konsept, namn og adresse

Neste
Neste

Ny dato 24. Januar!