Bygg1 dobbelt prisvinnar

For 2021 har Bygg1 vunne prisen som beste leverandør i heile seks av ni landsdekkande byggevare- og huskjeder.

Jan Runar Holsvik som er dagleg leiar i firmaet meinar at nøkkelen til suksessen er at dei har eit enkelt og godt system i tillegg til gode medarbeidarar. Utan gode medarbeidarar ville ikkje dette vore mogeleg.

All kontakt med kunden skal vere så smertefri som råd. Er det reklamasjonar eller transportskadar, skal desse handsamast i den rekkjefylgje og prioritet som bestillingar eller andre saker blir motteke. Kundane skal ha den servicen vi sjølve ønskjer å få når vi er kundar. Så enkelt, så sjølvfylgjeleg.

Ørsta Næringskontor gratulerer nok ein gong!

Les meir

F.v.: Johan Høydal, Jan Runar Holsvik, Kristian Ose Silseth (alle Bygg 1), Tonje Trondsen (Mestergruppen), Baard Ludviksen (Bygg 1), Cathrine Holm Dahle (Mestergruppen), John Ove Høydal, Kristian Storelv (Bygg 1), Are Ellingsve (XL-BYGG), Kjetil Brune Gjertsen (Bygg 1). Foto: Bjørn Thorkildsen.

For andre gong er Bygg 1 Produkter AS beste leverandør i huskjeda Blink Hus!

Bygg 1 sin lokalitet på Rystelandet.

Forrige
Forrige

Femina opnar ny butikk torsdag

Neste
Neste

Frukostseminar med temaet ”frå tomt til ferdig bygg-kva kan skje”.