Bondebuda opnar
I dag har det opna eit nytt og spennande tilbod i gågata i Ørsta - Bondebuda. Bak satsinga står Bjørn Tore Aksnes og Jan Øystein Aksnes, eigarane av medlemsbedrifta vår Agrilogg. Ideen vaks fram då dei såg at bønder og lokalmatprodusentar hadde behov for ein enkel og god stad å selje varene sine utan mange fordyrande mellomledd. Direktesal av mat er i vinden, men gode løysingar for sal, betaling og oppgjer har mangla. Det ønskte Agrilogg å gjere noko med.
Foto: ØNK
Agrilogg er ei teknologibedrift som utviklar digitale system for landbruket. Gjennom arbeidet sitt har dei tett kontakt med bønder og andre aktørar i landbruket. Dei såg etter kvart eit behov som gjekk att: Mange ønskjer å selje meir av varene sine lokalt, men direktesal kan vere både tungvint og kostbart når kvar produsent skal finne si eiga løysing.
Ved sida av dei andre systema sine har dei utvikla Vynk, ei digital løysing som gjer handelen enkel både for kunden og produsenten. Kunden bruker mobilen til å opne døra, registrere varene og betale, medan systemet tek hand om oppgjeret vidare.
Med denne teknologien som utgangspunkt har Agrilogg no etablert Bondebuda i gågata i Ørsta.
Meir att til bonden
Ideen bak Bondebuda er å gi bøndene ein felles stad å selje varene sine. Ved å samle fleire produsentar på same stad og bruke eit felles system for handel og betaling, blir kostnaden lågare for kvar enkelt aktør. Målet er å gjere det enklare å selje lokalt, og at ein større del av verdien skal bli att hos bonden og lokalmatprodusenten.
Satsinga er meint som ein service til landbruket. Agrilogg skal få dekt kostnadene med etablering og drift, men målet er ikkje å tene pengar på sjølve Bondebuda.
Frå starten er rundt 12–15 produsentar med. Talet og vareutvalet vil variere noko gjennom sesongane. Her finn kundane mellom anna egg, kjøt, brød, juice, sylte, honning og andre lokale produkt.
Det har ikkje vore vanskeleg å få produsentar med på laget, og det er også plass til fleire. Som dei sjølve seier, blir vegen til medan dei går.
Sylferskt og kortreist
Då vi var innom Bondebuda dagen før opninga, skulle Jan Øystein heim for å ta opp poteter. Med god hjelp frå vener og familie kom potetene i hus, og i dag kan dei handlast og nytast, nesten rett frå jorda.
Det viser kor kort vegen kan vere frå produsent til kunde, og at ein her kan få tak i sylferske og kortreiste matvarer. Jan Øystein kunne også melde om både god rygg og ein svært god potetsesong.
Dette er tredje året han dyrkar poteter, og med ein potetåker på om lag tre mål, trur han at han kanskje er den største potetprodusenten på Sunnmøre. Årets potethaust har vore svært for.
Det seier også noko om tanken bak Bondebuda. Her møtest teknologi og praktisk landbruk, og systema blir utvikla av folk som kjenner kvardagen i næringa.
Mobilen er nøkkelen
Vynk er sjølve teknologien bak handelen. Kunden bruker telefonen til å opne døra, registrere varene og betale. Systemet er utvikla for at utsalet i utgangspunktet skal kunne vere ope heile døgnet.
Ved oppstart vil Bondebuda truleg halde stengt nokre timar om natta.
Vynk er ikkje utvikla berre for dette utsalet. Løysinga er allereie teken i bruk hos fleire andre aktørar, og ambisjonen til Agrilogg er at systemet skal kunne nyttast endå fleire stader.
Ein pilot med rom for å vekse
Bondebuda i Ørsta er ein pilot. Agrilogg har håp om at det etter kvart kan kome fleire slike utsal, men først vil dei sjå korleis kundane tek imot konseptet og kva dei lærer undervegs.
Dei har god tru på satsinga, samtidig som dei veit at det tek tid å byggje opp nye handlevanar. Både vareutval og sal vil variere gjennom året og følgje sesongane i landbruket.
For Agrilogg handlar Bondebuda også om å gi rom for mindre matproduksjonar og bidra til ei meir berekraftig lokal verdikjede. Når det blir enklare å få seld mindre volum lokalt, kan fleire få moglegheit til å produsere mat for ein lokal marknad. Kortare veg mellom produsent og kunde, betre utnytting av lokale ressursar og meir av verdiskapinga att i lokalsamfunnet er også ein del av tankegangen bak satsinga.
Dette kan samtidig ha verdi i eit beredskapsperspektiv. Fleire lokale produsentar og meir lokal matproduksjon kan bidra til større lokal kapasitet og mindre sårbare verdikjeder.
Pris for innovasjon i landbruket
I september fekk Agrilogg Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Møre og Romsdal 2026. Prisen blir delt ut av Innovasjon Norge på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet, og Agrilogg tok imot prisen under Dyregod-dagane på Batnfjordsøra 6. september. Den regionale vinnaren får 50 000 kroner.
Det var ein jury med representantar frå Møre og Romsdal Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag Møre og Romsdal, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Innovasjon Norge som kåra Agrilogg til vinnar. Juryen trekte mellom anna fram at verksemda har sterk forankring i landbruket, utviklar digitale verktøy i tett samarbeid med næringa, har hatt god vekst og lønsemd og har skapt fleire kompetansearbeidsplassar i distriktet.
Også Bondebuda vart trekt fram då prisen vart presentert. Agrilogg fortalte då at målet med satsinga er at lokale bønder skal kunne sitje att med meir av verdien av matvarene dei produserer, og at dei på sikt ønskjer fleire Bondebuder kring om i landetandre stadar. Med Bondebuda tek Bjørn Tore Aksnes og Jan Øystein Aksnes dette arbeidet eit steg vidare, frå teknologi i landbruket til ei løysing som også gjer vegen frå bonden til kunden kortare. Her blir teknologi, lokalmat og direkte handel samla i eitt og same konsept.
Underteikna har sjølvsagt testa systemet, og kan melde om at det fungerte utmerka. Enkelt inn, enkelt å handle og enkelt å betale.
No er det opp til oss kundar å ta tilbodet i bruk. Vi ønskjer eigarane og leverandørane lykke til, og oppmodar folk til å nytte seg av det nye tilskotet i gågata.