Tilbake til alle arrangementer

Reiselivssamling den 27. og 28. januar


  • Stiftelsen Ørsta Næringskontor 18 Ivar Aasen-gata Ørsta, Møre og Romsdal, 6150 Norway (kart)

Samling for reiselivsaktørar i Ørsta og Hjørundfjord.

27. og 28. Januar på Havila Hotel Ivar Aasen i Ørsta.
8. februar frå ca. 12.00 til etter middag om kvelden ca kl 21.00  (OBS på at dato her er endra i høve til det som var sendt ut før jul)
2. og 3. mars  - to halvdagssamlingar med middag.
4.-6. april – to halvdagssamlingar med middag

 


Påmeldingsfrist: 18. januar på https://forms.office.com/r/hx9UUBQLQm

Program:

27. januar:
11:00-12:00 Lunsj
12:00-16:00 Samling i møterom leia av Pål Medhus i samarbeid med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og prosjektleiing.

17:00 Vi avsluttar dagen med ein god middag og gode samtalar.

28. januar
08:30 Samling i møteromet
12:30 Lunsj og mingling før vi tek helg.

 

Samlingane har som føremål å skape samarbeid, utvikle eksisterande produkt og opplevingar og skape nye i samarbeid med andre aktørar.

Saman er vi knallgode!

Undervegs vil det bli godt påfyll med ny kompetanse på ein kreativ måte, og god tid til å bli kjent med og snakke med andre reiselivsbedrifter.
Samlingane blir leia på inspirerande, motiverande og humørfylt vis av Pål Medhus, frå firmaet Høve Støtt.

 

Det vil vere fire samlingar på ulike stadar i Ørsta kommune.

 

 

Den fyrste samlinga som er den 27. og 28. januar vil ha fylgjande innhald:


Vi startar med marknadsinnsikt frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Kven er gjestane som kjem til Sunnmøre, og korleis når vi dei?  
Deretter vil vi jobbe med å kartlegge kva bedriftene som deltek tilbyr i dag, for kven dei tilbyr det, og kva vi kan skape saman?
Saman vil vi byrje arbeidet med å utvikle opplevingar i høve til det marknaden forventar med berekraft som rettesnor og grunnpilar slik det også står i masterplanen for reiseliv.
Kvar bedrift vil få praktiske arbeidsverktøy som ein skal jobbe med mellom samlingane.

Dato for dei neste samlingane:
8. februar frå om lag kl 1200 til etter middag om kvelden om lag kl 2100  (OBS på at dato her er endra i høve til det som vart sendt ut før jul)
2. og 3. mars  - to halvdagssamlingar med middag
4.-6. april – to halvdagssamlingar med middag

 

Desse neste samlingane vil handle om konkretisering av opplevingspakkar og klargjering til sal i marknaden til dei kundane som du vil nå.
Vi vil også lære meir om dei ulike salsledda i reiselivet. Kva er til dømes skilnaden mellom ein turoperatør og eit reisebyrå, eller kva med booking.com? Kva er deira roller, og kan dei hjelpe deg? Vi vil også sjå på prising av produkt og opplevingar for dei ulike salsledda, og sluttkunden.   

Til slutt i den siste samlinga vil vi ende opp med eit endå rikare og kvalitetsmessig godt tilbod. Vi satsar på mange gode produkt som både seljar og kjøpar kan vere trygge på.
Det vil bli litt «heimelekser» med arbeidsoppgåver mellom samlingane for at dette skal bli så effektivt som råd.

Ein får også gratis tilgong til rådgiving og ein-til-ein oppfølging av både Pål Medhus og prosjektleiinga elles mellom samlingane.

 

Vi håpar at så mange som mogleg vil melde seg på desse samlingane. Kom gjerne med innspel til tidspunkt dersom det høver dårlig med oppsett tid. Vi skal prøver å vere så fleksible vi kan.
Om du ikkje vere med heile tida, så skal det også gå  bra om ein følger med gjennom arbeidsoppgåver. Ta kontakt så prøvar vi å finne løysingar.

Til bedriftene som er i grenseland Ørsta/Volda, eller tidligare høyrde til Ørsta har høve til å delta både i Ørstaprosjektet og Voldaprosjektet med dei samlingane som er planlagt der. Desse vil utfylle kvarandre godt og med ulik tilnærming.

Vi bed om at ein melder seg på snarast råd på linken under. (seinast den 18. Januar).

https://forms.office.com/r/hx9UUBQLQm


Ta gjerne kontakt om de har spørsmål.  
De kan gjerne vere fleire frå kvar bedrift om ønskeleg. Fyll inn namna i skjemaet. Alle vil få stadfesting på deltaking når fristen har gått ut.

 

Med venleg helsing

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre

 

Helen Siverstøl

Prosjektleiar

Tel: +47 93 03 40 27

 

 

Forrige
Forrige
24. januar

Arbeidsrettsdagen

Neste
Neste
15. februar

Digitale fagdagar lokalmat og drikke, MR-mat