Vi inviterar til halvdagsseminar onsdag den 15. juni på Ivar Aasensenteret i Hovdebygda om kontraksmodellar for bygg- og anleggsnæringa, og med innleiarar frå ulike aktørar i bransjen.
Advokatfirmaet Judicia, Ørsta Næringskontor og Bygg- og Anleggsgruppa Ørsta/Volda inviterar til seminar med eit viktig tema om kontraktsmodellar for bygg-, anlegg- , og eigedomsbransja. Innleiarane vil snakke om ulike faktorar som bør vurderast når ein skal velge kontraktsmodell, og likeeins når samhandling kan vere aktuelt.
Kombinasjonen av samfunnsmessig, politisk og juridiske forhold saman med innspel frå konkrete prosjekt og erfaringar vil vere svært nyttig.
Innleiarar kjem frå byggherre-, entreprenør- og rågjevarside, og alle vil fortelje om sine erfaringar med ulike kontraktsmodellar for bygg, anlegg og eigedom. Kva som har fungert bra og kva som kan vere dei typiske fallgruvene.
Velkomen til ein viktig møteplass for relasjonsbygging og læring.
NB. Det vert lagt ut meir påmeldingsinformasjon i månadsskiftet mai/juni. De finn denne også på: www.orsta-nk.no