Om Ørsta Næringskontor
Ørsta Næringskontor er ein kontaktbank for det lokale næringslivet og arbeider for auka utveksling av røynsler og kjøp/sal av tenester mellom lokale bedrifter. Ei viktig oppgåve for Ørsta Næringskontor er å sette næringssaker på dagsordenen.
Ørsta Næringskontor driftar Hoppid.no kontoret i Ørsta for kommunen. Hoppid.no er ei gratis teneste for deg som vil starte eiga verksemd, og det er eigne kurs som kan gi deg den kompetansen som du treng for å starte opp.
Næringskontoret held kontakt med kommunen, statelege etatar, finansinstitusjonar, forskningsinstitutt, skular og informasjonsbasar og skal være ein pådrivar i næringsaktuelle saker.
Ørsta Næringskontor har kunnskap om lokale føresetnader og utviklingspotensiale, og er eit knutepunkt ein kan vende seg til for å drøfte næringsaktuelle spørsmål.
Næringskontoret gir direkte rådgjeving om grunnleggande bedriftsøkonomiske forhold, både for eksisterande verksemder og nyetablerarar.
Nettverk
Næringskontoret er ein del av fleire nettverk, og har eit tett samarbeid med Innovasjon Norge og Kunnskapsparken i Ålesund. Næringskontoret er og medlem i HSH.
Hoppid.no
Dei fleste kommunane i fylket har Hoppid kontor, og Næringskontoret har tett samarbeid med desse gjennom ei felles intranettløysing. Besøk Hoppid.no
Utviklingsforum – Hovden lufthamn
Næringskontoret er sekretariat for Utviklingsforum – Hovden lufthamn som vart oppretta i 2002 når Samf.dep. ynskte å legge ned Ørsta Volda lufthamn Hovden. Arbeidet for stadig betre tilbod ved Hovden er høgt prioritert for Næringskontoret, og Flyrutegruppa som består av 4 ordførarar og representantar for dei største offentlege og private verksemdene bedriftene på Søre Sunnmøre og næringsorganisasjonar i omlandet til Hovden lufthamn. Vi har ein god dialog med Widerøe og Avinor og gjennomfører mellom anna marknadsanalyser for å dokumentere behovet for auka kapasitet og fleire flyavgangar.
Kontaktpunktet Ørsta Volda
Næringskontoret er sekretariat for Kontaktpunktet. Les meir om Kontaktpunktet her.