Næringstomter i Ørsta

Ørsta kommune har rike industritradisjonar og er handelssentrum på Søre Sunnmøre. Kommuna vil legge til rette for nyetablering og kan tilby attraktive tomter for dei som vil etablere verksemd i Ørsta. Ta kontakt for nærare informasjon om moglegheitene vi kan tilby av industri- og næringsareal.

Melsgjerdet industriområde

140 dekar næringsareal er under opparbeiding på Melsgjerdet, ca. 4 km sør-aust for Ørsta sentrum med tilkomst frå fylkesveg 655. Området vil vere ferdig i løpet av 2022. Omlag 90 dekar er sett av til næringsformål, og passar for verksemder innan industri, lager og verkstad. Ved interesse for tomt, tak kontakt med Ørsta Kommune for å registrere ønske om tomteareal.

Foto: Møre Nytt

Foto: Møre Nytt

Hovden næringsområde

Ligg i Hovdebygda, rett ved flyplassen og E-39. Det er regulert eit område som førebels ikkje er klart. Det er att ei tomt i området.


Ørsta Kommune: Ørsta Næringskontor:

Arnstein Nupen, jurist Odd Magne Vinjevoll

Tlf 700 49765 Tlf 906 15145



Forrige
Forrige

Flotte kontorlokaler til leige i signalbygg i Ørsta

Neste
Neste

Kontorlokaler til leige