Tilbake til alle arrangementer

Invitasjon til temamøte for kommunedelplanen sin arealdel

  • Stiftelsen Ørsta Næringskontor 18 Ivar Aasen-gata Ørsta, Møre og Romsdal, 6150 Norway (kart)

LEVE HEILE LIVET I EIGEN BUSTAD

Korleis skal Ørstasamfunnet sjå ut i framtida?

Kommunen inviterer til møte Torsdag 9. mars og 13. april kl 0900-1200

I regi av husbankprosjektet “Leve heile livet i eigen bustad” ønskjer Ørsta kommune å invitere lokal byggenæring til temamøte. Føremålet med møtet er å utveksle informasjon og erfaringar for å kunne planlegge ørstasamfunnet for framtida. Kommuna har særskilt fokus på korleis innbyggjarane kan leve lengst mogeleg i eigen bustad, og legge til rette for eit samfunn for alle livsfasar.

Korleis ønskjer vi at ørstasamfunnet skal formast? Kvar bør bustadane ligge, kva med transport, butikkar og tenestetilbod, kva med uteområde og møteplassar, kva etterspør kundane, kva med dei ulike bygdelaga, kven skal planlegge nye bustadfelt? Kommuna treng byggenæringa si erfaring og synspunkt i det vidare arbeidet.

Påmelding: Siste frist 7. mars (siste møtet har påmeldingsfrist den 11. april) til e-post irene.graskopf@orsta.kommune.no

Spørsmål? Ta kontakt med prosjektleiar Irene Graskopf på tlf 48273943

Les meir

Forrige
Forrige
1. mars

ÅKP StepUp- eit avklaringsprogram for utvikling og vekst

Neste
Neste
30. mars

Næringskonferansen Søre Sunnmøre 2023