Ørsta Næringskontor er ein kontaktbank for det lokale næringslivet og arbeider for auka utveksling av røynsler og kjøp/sal av tenester mellom lokale bedrifter.

Til og frå Ørsta

Ørsta/Volda lufthamn Hovden ligg 5 minutts bilkøyring frå Ørsta sentrum og har 6 daglege flysamband til Oslo og 2 til Bergen.

Ørsta er trafikknutepunkt for kyststamveg E 39 og RV 655, og med Eiksundsambandet som opna i februar 2008, har ein tunnelsamband til kommunene Ulstein, Hareid, Sande og Herøy. Kvivsvegprosjektet som opnar 22 september 2012 er eit bomfritt veg og tunnelprosjekt som  ytterlegare vil betre kommunikasjonen austover og knyte Søre Sunnmøre saman med delar av Nordfjordregionen til ein felles bu-og arbeidsregion med over 78.000 innbyggarar.

Ørsta har og djupvasskai og hamneterminal med anløp frå NorLines.

Timeekspressen er eit ekspressbusstilbod som går kvar time til Ålesund, Molde og Kristiansund.