Ørsta Næringskontor er ein kontaktbank for det lokale næringslivet og arbeider for auka utveksling av røynsler og kjøp/sal av tenester mellom lokale bedrifter.

Nyhende frå Ørsta kommune

Leksegruppe 2012-2013

16.02.2012 15:34:00
Påmeldingsfrist for gratis leksegruppe ved dei kommunale skulane i Ørsta er sett til 1.april 2012. Skjema skal leverast til rektor ved den aktuelle skulen.

SFO 2012-2013 (søknadsfrist 1. april 2012)

16.02.2012 03:35:05
Søknadsfrist for plass i kommunale skulefritidsordningar er sett til 1.april 2012. Ørsta kommune gjev skuleåret 2012 -2013 tilbod om SFO-ordning ved skulane Velle, Hovden, Vikemarka, Vartdal og Sæbø. Delar av tilbodet på Sæbø vert lagt til barnehagen.

Områdeplan Myklebust setremark - Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram

11.02.2012 17:10:00
Ørsta formannskap, som planutval, varslar oppstart av arbeid med områdeplan for Myklebust setremark, og legg framlegg til planprogram revidert den 24.01.2012 ut til offentleg ettersyn i 6 veker, jf pbl § 12-8 og 12-9, med følgjande endring i pkt. 6: organisering og framdrift:

Oppdatering - periodevis stenging av fylkesveg 43

08.02.2012 15:40:00
Statens vegvesen meldar at grunna uttak av skog i overføringslina Ørskog til Fardal vert det periodevis stenging av fylkesveg 43 - Aldalsvegen mellom Ullaland i Volda kommune til Vatne i Ørsta kommune.

UKM 2012

07.02.2012 02:55:47
Takk til alle deltakarar og crew for den flotte kulturmønstringa i Ørsta søndag 5.februar 2012!!! Her er litt informasjon om musikkinnslag og kunst som går vidare frå Ørsta til fylkesmønstringa. Fylkesmønstringa skal vere i Larsgårdshallen i Ålesund kommune 20-22 april 2012. Det er i alt 7 deltakarar som er sendt vidare frå Ørsta i år.

Helsefremjande leiarskap!

03.02.2012 09:04:00
Sjukefråveret har gått ned i Ørsta kommune, og det er positivt både for arbeidsgivar og arbeidstakar. På bakgrunn av beskrivinga av årsaker til sjukefråvær i Møre Nytt 2.februar, vil eg saman med personalsjefen kome med nokre presiseringar.

Varsel om planarbeid: området ved Ørsta kulturhus

30.01.2012 07:42:00
Ørsta kommune varslar med dette oppstart av reguleringsarbeid for området ved Ørsta kulturhus, jf. plan- og bygningslova § 12-8.

BARNEHAGEOPPTAK 2012 (søknadsfrist 1. mars)

28.01.2012 10:56:02
Ørsta kommune har samordna barnehageopptak. Det inneber at foreldre/føresette søkjer på same skjema til både kommunale og private barnehagar. Vi har 7 kommunale og 4 private barnehagar.

Miljøfakta

27.01.2012 13:41:00
Dette er ei nettside utarbeidd av Bellona og Eniro med midlar frå Klimaløftet som gjev konkrete råd både til privat personar, næringsliv og politikarar.

Ledig stilling som: Leiar for Pedagogisk psykologisk teneste for Volda og Ørsta

26.01.2012 09:34:00
PPT for Volda og Ørsta har ei felles gjennomgåande teneste for dei to kommunane og dei vidaregåande skulane i Volda og Ørsta.

UTLYSING AV LEDIGE LÆREPLASSAR I ØRSTA KOMMUNE

26.01.2012 14:50:00
Ørsta kommune har frå hausten 2012 ledige læreplassar i desse faga :Helsefagarbeidar - 8 ledige plassarBarne-og ungdomsarbeidar - 2 ledige plassarInstitusjonskokk - 1 ledig plassIKT - 1 ledig plass

Ut i jobb – dag på Høgskulen i Volda 23.01.2012

24.01.2012 15:12:00
Høgsulen i Volda inviterte arbeidsgjevarar frå kommunane i Møre og Romsdal og Nordfjordregionen til Høgskulen til ein dag med rekruttering i fokus. Dagen var todelt med ein fagleg introduksjon kring temaet rekruttering før lunsj, og ei økt med messepreg, der over 20 kommunar hadde laga kvar sin stand.

Fellingsresultat for hjortejakta 2011

20.01.2012 09:29:00
Resultata frå hjortejakta i Ørsta kommune ligg no føre. Det endelege resultatet vart 802 felte dyr under hjortejakta, som varte frå 10.09 til 23.12.

Ny rapport: Ørsta, regionen og Eiksundsambandet

20.01.2012 15:12:00
Rapporten Ørsta, regionen og Eiksundsambandet, er ei kartlegging og strategisk analyse der ein ser på situasjonen i Eiksund-regionen generelt og Ørsta spesielt.

Nybyrjarkurs i norsk (nynorsk)

20.01.2012 13:57:00
Ørsta opplæringssenter avd. Lystad arrangerer nybyrjarkurs i norsk. Kurset vil følgje læreplanen for vaksne innvandrarar og ein vil bruke læreverket "Norsk no".