Ørsta Næringskontor

Ørsta Næringskontor er ein kontaktbank for det lokale næringslivet og arbeider for auka utveksling av røynsler og kjøp/sal av tenester mellom lokale bedrifter.

Næringskontoret held kontakt med kommunen, statelege etatar, finansinstitusjonar, forskningsinstitutt, skular og informasjonsbasar og skal være ein pådrivar i næringsaktuelle saker.

Ørsta Næringskontor har kunnskap om lokale føresetnader og utviklingspotensiale, og er eit knutepunkt ein kan vende seg til for å drøfte næringsaktuelle spørsmål.

Næringskontoret gir direkte rådgjeving om grunnleggande bedriftsøkonomiske forhold, både for eksisterande verksemder og nyetablerarar.

Nettverk

Næringskontoret er ein del av fleire nettverk.

Hoppid.no

Martin Foldal på Næringskontoret er sertifisert som rådgivar i førstelinetenesta for etablerarar gjennom Hoppid.no tilbodet som er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Innovasjon Norge.
Dei fleste kommunane i fylket har Hoppid kontor, og Næringskontoret har tett samarbeid med desse gjennom ei felles intranettløysing.
Besøk Hoppid.no

Flyrutegruppa
Næringskontoret er sekretariat for Flyrutegruppa som vart oppretta i 2002 når Samf.dep. ynskte å legge ned Ørsta Volda lufthamn Hovden. Arbeidet for stadig betre tilbod ved Hovden er høgt prioritert for Næringskontoret, og Flyrutegruppa som består av 4 ordførarar og representantar for dei største offentlege og private verksemdene bedriftene på Søre Sunnmøre. Vi har ein god dialog med Widerøe og Avinor og gjennomfører mellom anna marknadsanalyser for å dokumentere behovet for auka kapasitet og fleire flyavgangar.

Medlemer:
Gudny Fagerhol - ordførar i Ørsta
Hannelore Måseide - ordførar i Ulstein
Ragnhild Aarflot Kalland - ordførar i Volda
Arnulf Goksøyr - ordførar i Herøy
Jon Erik Engeset - konsernsjef Saferoad AS
Jacob Kjøde Jr. - høgskuledirektør Høgskulen i Volda
Terje Høybakk - dagleg leiar Mafoss
Martin Foldal - dagleg leiar Ørsta Næringskontor
Per Ernst Lundberg - sekretær Søre Sunnmøre Regionråd

Kontaktpunktet
Næringskontoret er sekretariat for Kontaktpunktet. Les meir om Kontaktpunktet her.

Samarbeidsforum Ørsta Volda
Næringskontoret er saman med næringsavdelinga i Volda kommune sekretariat for dette forumet.

Ørsta Handel- og serviceforeining
Næringskontoret er sekretariat for Ørsta Handel- og Serviceforeining.