
Ørsta kommune ligg i hjartet av Søre Sunnmøre. Med eit innbyggjartal på 10.200 og eit totalareal på 820 km² er Ørsta ei av dei største landbrukskommunane i Møre og Romsdal. Ørsta er samstundes ei kystkommune med 140km kystlinje og stor aktivitet innan fiskeri og havbruk.
Ørsta har eit allsidig næringsliv med mange marknadsleiande bedrifter innanfor ulike segment. I tillegg til ein allsidig industri har vi og FOU og tenesteproduksjon representert både ved offentlege og private foretak. Ørsta vart kåra til årets næringslivskommune i 2005.
Kommunen har god barnehagedekning og skulebygg med god standard. I tillegg til grunnskule har vi Vidaregåande Skule og Folkehøgskule
Ørsta har eit svært godt tilbod for både uorganisert ungdom og dei som ynskjer å drive ulike aktivitetar innan kultur og idrett.
Ørsta har og eit breitt kulturtilbod gjennom heile året og vart kåra til årets kulturkommune i år 2000.