Vellukka konferanse!


20. mars vart Næringskonferansen Søre Sunnmøre arrangert for 2. gang. Og med neste full sal av deltakarar, vart konferansen ein suksess!

Der var fagkunnskap, engasjement, kreativitet og innovasjon. Blanda lett saman med smil og latter. Mange små alvorlege gode smakskombinasjonar. Litt snøfrisk, sjokolade trøflar, innovativ gele av gulrot og med eigen hageseksjon med etandes jord og sunnmørsk inspirert is skulptur.

Det vart litt av resultatet når Restaurant og matfag klassene på Ørsta vidaregåande skule deltok på Næringskonferansen i år.

Hvordan skape suksess ved å tenke annerledes Idar Vollvik, norsk seriegründer.

 

Som på næringskonferansen 2013 fekk elevane saman med Hotell Ivar Aasen ansvar for konferanse pauser og bankett lunsj. 
Konferansen er arrangert av Ørsta Næringskontor. Eit arrangement ein voner i år vart ei minnerik og innovativ oppleving for næringslivet på Søre Sunnmøre.

 

Restaurant og matfag klassene hadde som overordna mål å tenke kvalitet, forske i trender og vere innovative. Der ein nytte gode råvarer som til dømes
Snøfrisk frå Tine i Ørsta. Lunsj banketten var som sagt eit samarbeid med Hotell Ivar Aasen, og elevane hadde ansvar for å utvikle
og produsere ein stor dessert tapas buffet.

Arbeidet som vart utført var i tråd med føremålet åt næringskonferansen. Deltaking i nært samarbeid med næringslivet, og det å kunne samlast på
å gjere regionen attraktiv og fremme innovative tankar og idear. Elevane har derfor denne veka hatt mål å auke innovasjons aktiviteten for mat.
Det å kunne forske på gode råvarer, nye trender og nyskaping, og det å kunne utvikle og profilere mat. Det var derfor naturleg å sjå mot trender og
forsking innan matfaget. Der ein i stadig større grad skal utnytte på ein betre måte alle dei gode ressursane vi har.
Kreative elevar fekk forsøke seg på mange spennande prosjekt og forsøke mange nye men og somme av dei gode tradisjonelle tilberedingar.
Derfor kan ein trygt seie at utvalet på dessertsida varierte frå folkefavoritten karamellpudding og tilslørte bondepiker (med snøfrisk)
til grønsaker som gulrøter a la Molekylær prosess.

Gjennom slike arrangement får elevane og verdfull trening for erfaring i bankett, kurs og konferanse drift. I tillegg til trening til kokkfaget
fekk elevane og forsøke seg som både kursvertar, servicemedarbeidarar, hovmester- og servitør funksjonar.
Elevane syns dette var fantastisk spennande, særs oppegåande og lærerike dagar. Vi er veldig nøgd med å kunne vere engasjert i slike arrangement som dette seier dei.

Ei stor takk til Tine Merierier Ørsta, for at vi fekk nytte snøfrisk i så mange variantar. Eit av dei verkeleg store kvalitetsprodukta som vert produsert her i Ørsta!

                                                                                                                                                                                                                                                                   Idar Vollvik fotel om livet sitt og                                                                                                                                                                                                                                                                                   korleis han har skapt suksess 
                                                                                                                                                                                                                                                               
   ved å tenkje annleis. 

 


Tilbake til artikler


ØRSTA NÆRINGSKONTOR

VERT MEDLEM!

Som medlem i Ørsta Næringskontor får du fleire fordelar.

HOPPID

STARTE FIRMA?

Hoppid.no er ei fyrstelineteneste for nyetablerarar. Hoppid.no tenesta blir levert av Ørsta Næringskontor og Ørsta landbrukskontor.

Støtteordningar innan landbruk og tiløleggsnøringar som lokalmat og reiseliv.

Næringskonferansen 2016

Planlegginga av Næringskonferansen for 2016 er allereide starta. Representantane i

Les meir

NÆRINGSKONFERANSEN 2015

NATURFESTIVALEN -SAUDEHORNET RETT OPP - 2014

Næringskonferansen Søre Sunnmøre 2014

Ørsta Næringskontor inviterar saman med SpareBank 1 Søre Sunnmøre til årets

Les meir