KAIHUSET PÅ URKE


Då Møre-Nytt besøkte brørne, hadde sola for ein gongs skuld leita seg fram på himmelen, og i utemøblane på kaia kosa folk seg. Men sjølv om det har vore mykje grått ver med regn denne sommaren, så har folk likevel dukka opp både i vekedagane, spesielt på kveldstid, og i helgane. Det tek Andreas og Tore som eit teikn på at dei har starta opp noko det er grunnlag for. Staden har allereie fått stamgjester, og trivselsfaktoren er høg. – Tilbakemeldingane frå folk er veldig gode. Vi har ikkje brukt mykje ressursar på marknadsføring, men folk leitar seg opp, truleg mykje grunna jungeltelegrafen, vurderer brørne. Sjølv om dei snakkar kav ålesunding, vaks dei opp med besteforeldre på Jo-garden, og var stort sett på Urke alle somrar og julehøgtider i oppveksten. Så dei føler seg som urkebygdingar og er stolte av Kaihuset som dei meiner har sjel og identitet. Draum Dei har lenge hatt ein draum om eigen serveringsstad på Urke. Dei ser på skjenkeløyvet dei vart tildelt i vår som heilt avgjerande for drifta. Når det gjeld mat, så er det vaflar det går i i kvardagane medan dei også sel kaker i helgane. Dei har mange planar for ei utviding av konseptet. Og det handlar mellom anna om eit overbygg, slik at folk kan sitje utandørs utan å verte regnvåte. Kjøkkenfasilitetar med kjølerom står også høgt på ønskelista slik at dei også kan starte sal av varmmat, noko folk spør etter. Når dei set strek for årets sesong 1. november, skal drifta evaluerast. – Sjølv om vi har fått ein god start, må vi ha fleire bein å stå på. Moglegheitene er mange, fortel Lindbæk-brørne som også vurderer å etablere eit mikrobryggeri. Dei ivrar for at heile Hjørundfjorden vert utvikla til ein stor destinasjon innan reiselivet der aktørane skal lyfte kvarandre på ulike måtar. – Det er viktig at det kjem ei utvikling i dette området, og at det vert etablert fasilitetar også rundt Kaihuset på Urke. Mykje positiv har skjedd i så måte og no er det berre å jobbe vidare og utvikle nye idear og tiltak som kan skape vekst i denne perla i Ørsta.


Tilbake til artikler


ØRSTA NÆRINGSKONTOR

VERT MEDLEM!

Som medlem i Ørsta Næringskontor får du fleire fordelar.

HOPPID

STARTE FIRMA?

Hoppid.no er ei fyrstelineteneste for nyetablerarar. Hoppid.no tenesta blir levert av Ørsta Næringskontor og Ørsta landbrukskontor.

Støtteordningar innan landbruk og tiløleggsnøringar som lokalmat og reiseliv.

Næringskonferansen 2016

Planlegginga av Næringskonferansen for 2016 er allereide starta. Representantane i

Les meir

NÆRINGSKONFERANSEN 2015

NATURFESTIVALEN -SAUDEHORNET RETT OPP - 2014

Næringskonferansen Søre Sunnmøre 2014

Ørsta Næringskontor inviterar saman med SpareBank 1 Søre Sunnmøre til årets

Les meir