JOBBMESSE - ØRSTA


Treng bedrifta di fleire medarbeidarar? NAV Møre og Romsdal og NAV Sogn og Fjordane har gleda av å invitere til jobbmesse i kulturhuset i Ørsta 30. mars 2016. På jobbmessa kan du som arbeidsgjevar profilere bedrifta di, presentere rekrutteringsbehov og snakke direkte med jobbsøkjarar. På jobbmessa møter du både jobbskiftarar, nyutdanna, studentar/lærlingar og andre som for tida er på jakt etter jobb. Bruk denne sjansen til å vise fram bedrifta di og knyte kontakt med potensielle medarbeidarar. Arrangementet vil bli godt kunngjort gjennom media og arbeidssøkjarar får særskild invitasjon. Jobbmessa er gratis både for utstillarar og besøkande. Bedriftene tek med eige profileringsutstyr til standen. Vi stiller med lokale og internett-tilgang. Messa er open for arbeidssøkjarane kl. 1200 og til kl. 15.00. Utstillarane vil ha høve til å rigge standen frå kl. 09.00 Det vert tilgang til bagettar, frukt og kaffi/te for utstillarar frå kl.11.00 Er du arbeidsgjevar og ynskjer å delta på messa? Ta kontakt med: På Sunnmøre: I Nordfjord: Oddvor Follestad Hovden Monica Osvold Mob: 482 52 094 Mob: 900 95 171 e-post: oddvor.hovden@nav.no e-post: monica.osvold@nav.no


Tilbake til artikler


ØRSTA NÆRINGSKONTOR

VERT MEDLEM!

Som medlem i Ørsta Næringskontor får du fleire fordelar.

HOPPID

STARTE FIRMA?

Hoppid.no er ei fyrstelineteneste for nyetablerarar. Hoppid.no tenesta blir levert av Ørsta Næringskontor og Ørsta landbrukskontor.

Støtteordningar innan landbruk og tiløleggsnøringar som lokalmat og reiseliv.

Næringskonferansen 2016

Planlegginga av Næringskonferansen for 2016 er allereide starta. Representantane i

Les meir

NÆRINGSKONFERANSEN 2015

NATURFESTIVALEN -SAUDEHORNET RETT OPP - 2014

Næringskonferansen Søre Sunnmøre 2014

Ørsta Næringskontor inviterar saman med SpareBank 1 Søre Sunnmøre til årets

Les meir