Styret i Sti. Ørsta Næringskontor har i dag 22 desember tilsett Odd Magne Vinjevoll (56) som dagleg leiar for Ørsta Næringskontor i den komande 4 års perioden. Vinjevoll kjem frå stillinga som administrativ leiar hjå Proman Bygg AS i Volda, og har tidlegare vore dagleg leiar for mellom anna Ørsta Brygge AS og Ørsta Elektriske AS. Vinjevoll har røynsle frå bedriftsetablering og forretningsutvikling, og har vore leiar for Ørsta Sentrumsforeining.
Styret er trygg på at Odd Magne Vinjevoll er rett person til å vidareføre arbeidet med utvikling av næringslivet i Ørsta.